Turistfiske

Turistfiske

Turistfiske - for deg som er busett i utlandet


Irenegarden er registrert som turistfiskebedrift hjå Fiskeridirektoratet. Det betyr at ein både kan fiske og eksportere fangsten til heimlandet når du bur på Irenegarden. På Irenegarden har vi fått to båter til utleige, sjå her for mer informasjon.

Rapportering av fangst


Fra 1. januar 2022 skal ein ved utførsel av fisk frå Norge kunne dokumentere at fiskinga vart utførd ved eit registrert turistfiskeselskap.
Vi nyttar den enkle GoFish-løysinga for registrering, rapportering og dokumentasjon av fangsten. Fangsten vert automatisk rapportert til Fiskeridirektoratet og nødvendig dokumentasjon for eksport av fisk vert generert i løysinga.
Ein må rapportere fangst etter antall fisk, pr. art, pr. båt og pr. fisketur eller dato. Rapporteringa skal omfatte fisk som er fanga, men ikkje tatt på land. Fisketurar utan fangst skal verte meldt inn (nullfangst). Artane som skal rapportere er torsk, kveite, sei, uer og steinbit.

GoFish-løsningen vi nyttar er svært enkel og vil guide deg gjennom registreringa med kun nokre få trinn. Alt vert gjort på eit minutt.



Eksport av fisk


Eksportkvota er 18 kilo fisk eller fiskeprodukt. Ein kan ta med seg eksportkvota inntil to gongar i året.

Ved eksport vil tolletaten krevje dokumentasjon på fangsten som kvar enkelte turistfiskere har meldt inn til turistfiskeselskapet. Ei slik utskrift eller pdf-fil må inneholde:

  • Namn på virksomheta
  • Namn på kven som har fiska
  • Kor mykje ein har fanga

Personane som er namngitt på dokumentet skal være til stades når fisken vert teken ut av landet. Det vil kun være muleg å eksportere fisken dersom du har fiska og oppholdt deg hjå eit registrert turistfiskeselskap.