På Irenegarden kan du velge mellom Panorama-leiligheit (nedre etasje) og Feriehuset (etasjane over).
Begge har eigen inngang og er fullt utstyrt med alt som ein treng for eit lengre opphald. Alt du eigentleg treng å ta med er dine eigne kle, mat og tannbørste. Vi tilbyr deg kvalitet med hotellstandard. Alt er reingjort, sengene er ferdig oppreidde, og du vil finne eitt sett handkle til kvar person. Der vil også vere einskilde basisartiklar til kjøken og bad. Vi rengjer også leiligheita etter opphaldet.
Leiligheita har eigen inngang, parkeringsplass, badstue, samt ein eigen del av hagen. I tillegg har du i direkte tilknytning til leiligheita di eiga "utestove".
Leiligheita har plass til 4 personer (+ eitt barn under 3 år).
Med direkte utgang frå leiligheita finn du ei fullt møblert utestove. Frå denne kan du nyte den storeslåtte utsikta over fjordane om dagen eller kvelden.
Du vil også finn ein grill/bålpanne til din disposisjon.
Det er mange fasilitetar hjå oss, spesielt dersom ein tek med omgjevnadane og mulegheitene garden gjev. Som å fiske i fjorden, fjordbading, og plukke frukt, bær og sopp gratis på eller i nærleiken av garden.
I tillegg vil du ha: