Aktivitetar

Aktivitetar

AKTIVITETAR

Regionen vår byr på mange ulike aktivitetar, alt dine ønsker. Enten du vil nyte naturen i umiddelbar nærleik, eller ta dagsturar for å utforske området rundt. Irenegarden ligger midt i sentrum av alle dei store norske attraksjonene som Geiranger, Trollstigen, Ålesund, Briksdalsbreen, Loen Skylift, Vestkapp, Måløy, Refviksanden, Kråkenes fyr, Nordfjord, fugleøya Runde og mange fleire.

Vi kan hjelpe deg med forslag til fine turar om du ønskjer det.

FISKE


Likar du å fiske er det mange mulegheiter både frå land og båt, og både i ferskvatn og saltvatn. Vi har båtar som du kan leige for fisketurer på fjorden, og her er mange gode fiskeplassar ligg like ved garden.

Vi har redningsvester i ulike storleikar, også til barn, som du kan få låne gratis.
Irenegarden er også registrert som turistfiskebedrift i Fiskeridirektoratet. Du finner mer informasjon her. (Gjeld utenlandske gjestar).



FJELLTURAR


Området er omgitt av ein magisk natur, og her er uendeleg mange turstiar å velge mellom. Både korte og lengre, og både i ulendt terreng og på tilrettelagde turvegar. Næraste fjellet er «Snøhornet» på 1025 meters høyde. Til "Snøhornet" kan ein starte vandringa direkte frå inngangsdøra.
"Galten", sett på bildet, ligger kun 45 min kjøring fra garden til startpunktet. Turen tek omlag 40 min i normalt gangtempo.


SYKLAR


Vi har gratis utlån av syklar i dei aller fleste storleikar. Vi har òg nokre hjelmar som du kan få låne!
Sidan dette er eit gratis tilbod kan vi ikkje garantere syklane sin tilstand til ein kvar tid, men vi vil sjølvsagt gjer vårt beste for at dei skal vere i god stand.

HAKALLEGARDEN


Dersom du ønskar å sjå meir av gardsliv, anbefaler vi eit besøk på Hakallegarden, kun 50 min køyring frå Irenegarden. Den unike garden har alt du treng for at du og barna kan nyte heile dagen her. Traktorkøyring, ridning og mange forskjellige dyr som du kan kose med. Stranda like rett nedanfor Hakkalegarden er også verdt et besøk.


BESØK HAKALLEGARDEN.NO


DAGSTURAR


Med start fra Irenegarden er det mange fine dagsturer med å velge mellom.

Geiranger, Trollstigen, Ålesund, Vestkapp, Loen Skylift, fugleøya Runde, Måløy, Atlanterhavsvegen, og mange fleire er virkeleg verd eit besøk. Vi kan hjelpe deg med tips og forslag, så spør gjerne.