NO


VELKOMEN TIL

IRENEGARDEN


Irenegarden 


Garden, huset og utsikta som er vanskeleg å gløyme! Vi kan tilby deg eit opphald i omgjevnader som gjer at alle kan kjenne seg heime. Fredeleg og romsleg innkvartering og ei fantastisk utsikt.

På Irenegarden kan du velge mellom Panorama Leiligheit (nedre etasje) og Feriehuset (etasjane over). Begge med like god utsikt.
Ver venleg å sjå sidemenyen for meir informasjon.


Vi ønskjer deg velkomen som vår gjest!

PUSTE - NYTE


Ei tid på Irenegarden og omgjevnadane gjev deg mulegheit til å puste fullt ut og slappe av, eller om ønskeleg - eventyr og action.


Som ei lita teneste har vi laga et detaljert kart over kva ein kan finne i området. Du står fritt til å utforske på eigahand.

OM GARDEN


Irenegarden ligg på Nordvestlandet. Midt i sentrum av alle dei store attraksjonane og fjordane som kun Norge kan by på. Vi har ingen gardsdyr i fjøset lenger, men mesteparten av sommaren finn du venlege sauer og kyr i dei grøne bakkane rundt.

Garden vart restaurert etter mange år med forfall. Nesten alle bygningane er fornya, i tillegg til ute- og hageområdet. Alt vart gjort av ei dame sin innsats og hardt arbeid. Ho heitte Irene, og for å heidre henne gav vi garden namnet hennar.