På Irenegarden kan du velge mellom Panorama-leiligheit (nedre etasje) og Feriehuset (etasjane over).
Begge har eigen inngang og er fullt utstyrt med alt som ein treng for eit lengre opphald. Alt du eigentleg treng å ta med er dine eigne kle, mat og tannbørste. Vi tilbyr deg kvalitet med hotellstandard. Alt er reingjort, sengene er ferdig oppreidde, og du vil finne eitt sett med handkle på kvar seng. Der vil også vere einskilde basisartiklar til kjøken og bad. Vi rengjer også leiligheita etter oppholdet.
Her har du eigen inngang, parkeringsplass, parkeringsplass, samt eigen del av hagen. I tillegg har du ein store og liten terrasse.
Feriehuset har plass til 6 eller 7 personer (+ eitt eller to barn under 3 år).
Med direkte utgang frå feriehuset finn du to terrassar. Frå desse kan du nyte den storeslåtte utsikta over fjordane om dagen eller kvelden.
I solen har du også ei sittegruppe like ved inngangen.
Du har også ein grill/bålpanne til disposisjon.
Det er mange fasilitetar hjå oss, spesielt dersom ein tek med omgjevnadane og mulegheitene garden gjev. Som å fiske i fjorden, fjordbading, og plukke frukt, bær og sopp gratis på eller i nærleiken av garden.
I tillegg vil du ha: